fbpx

Kva er det med matproduksjon i sjø?

Foto: Sigrid Brattabø Handegard

 

 

For litt over to år sidan bestemte eg meg for å gjera noko heilt anna i yrkeslivet mitt. Ved ei meir eller mindre tilfeldigheit havna eg i havbruksnæringa. Oppvaksen på gard, med stoltheit over å produsera mat, glad i å vera ute i fysisk aktivitet , byrja eg ei ny tid på merdkanten.

I mitt politiske liv har eg også hatt (og har) eit stort engasjement for viktigheita av å produsera mest moge- leg sunn, trygg mat til eigne innbyggjarar. Eit kvart land pliktar å ha svar på korleis ein skal brøfø eigen befolkning i ein krisesituasjon. Her bør også all laksen i merdane langs norske kysten inngå i vår matberedskap!

Eg har på denne tida fått innblikk i, og kunnskap om, ei næring som bidreg til å nå eit av dei viktigaste bærekraftsmåla til FN, målet om å utrydde svolt. Berre i mi bedrift produserar me dagleg middag til ca 500.000 menneske rundt på heile jordkloden. Produsert av engasjerte folk som vil at fisken skal ha det bra. Fisk med eigen CV som fortel kva smoltanlegget den vaks opp i, kva merdar den har symt i, kva for og vaksinar den har fått, ja den kan sporast heilt tilbake til egget! Eg har fått innsikt i ei næring der antibiotikabruken er nesten lik null. Ei næring som er strengt regulert gjennom ei rekkje myndigheitskrav. Ei næring som brukar store ressursar på forskning og utvikling for å driva med minst mogeleg miljø- avtrykk. Ei næring som bidreg med svært mange distriktsarbeidsplasser.

Kven skulle tru det?
Det er særleg tre forhold som har overraska meg.
Det første er kor mange arbeidsplasser det er rundt kvar arbeidsplass på merdkanten. Servicebedrifter og utstyrsleverandørar, slakteri og foredling. Det andre er kor stor grad den offentlige debatten er prega av følelsar og synsing, interesse motsetnader og mangel på fakta. Dette skapar igjen haldningar. I mitt nærområde; Hardanger, vårt «Nasjonale smykkeskrin», er nok debatten om matproduksjon i sjø, det næraste ein kjem den nasjonale konflikten mellom ulv og sauehald.

«Ikkje ein oppdrettslaks til i Hardangerfjorden! Næringa berre pøsar på med antibiotika og slepper «dritten» ut i fjordane våre, villaksen er borte» osb. er synspunkt og påstandar som i altfor mange tilfeller får stå uimotsagt, udokumentert, lever vidare, og vert også ein del av oppfatninga til dei som tilslutt avgjer rammevilkåra. Trafikkljossetjinga som seier noko om lusa sin påverknad på villaks og sjøaure har også fått raud farge her.

Korleis er så den faktiske situasjonen ?
Fordi om me bur og arbeidar i eit vakkert landskap som Hardanger, så må faktabasert informasjon styra utviklinga og likeverdige vilkår for framtidig matproduksjon i sjø også her!
Forskningsprogrammet Salmon Tracking 2020 i regi av Skandinavisk Naturovervåking, leia av professor Albert Imsland, har forska på bestandsutvikling og vandringsmønster for villaks og sjøaure i produksjonsområde 3 og 4 på Vestlandet over eit par år.(20172019) Her er interessante funn som står i motstrid til det offisielle Lakseregisteret.(2010-2014) Forsk- ninga har mellom anna videoovervåka Granvinsvassdraget i Hardanger. Konklusjonane frå forskninga er bl.a at innsiget av villaks har auka dei siste 25 år. Gytebestandens biomasse er godt over målet. Bestanden av sjøaure kan karaktriserast som svært god. Lakselus er ikkje ein avgjerande hovudpåverknadsfaktor.

Vidare har fleire av lokalitetane i Hardangerfjorden fått status som mørkegrøn, eller er i posisjon til å få det, i trafikkljossystemet.
Desse funna, saman med det faktum at norsk opp- drettsnæring er av FAIRR kåra til verdas mest bærekraftige børsnoterte matprodusent fleire år på rad, burde bidra til ein meir faktabasert debatt om norsk oppdrettsnæring generelt, og i Hardanger spesielt.
Det tredje som undrar meg er; Kvifor næringa ikkje snakkar høgare om at ein produserar sunn god mat til ein stadig aukande befolkning. Kan ein gjera noko meir meiningsfullt? All aktivitet har som kjent miljø- påverknad, men mat er tross alt eit primærbehov, i motsetnad til alt som er kjekt å ha!

La oss få ein debatt bygd som i større grad er bygd på kunnskap og fakta framfor følelsar og synsing. La oss få rettferdige rammevilkår også i Hardanger! La oss få produsera mat!

 

 

 

Andre aktuelle saker

Dagens vinnere i NM i Sjømat

Dagens vinnere i NM i Sjømat

Da har dommerne gjennomført nok en kåring av de beste firma sine produkt i kategoriene kaldrøkt laks og åpen klasse. Vi gratulerer alle vinnerne.   KLASSE KALDRØKT LAKS 5.3.2024 FIRMA PRODUKT PLASSERING Mikals Laks AS Einerøkt laks 1. Reinhartsen AS Kald Røkt Laks 2....

les mer
Dagens vinnere i NM i Sjømat

Dagens vinnere i NM i Sjømat

Da er NM i Sjømat over for denne gang, og våre 5 dommere har smakt seg gjennom over 100 ulike produkt. Sjømatbedriftene er som arrangør stolt over all den fantastiske sjømaten som de mange selskap har levert til bedømming. Vi gratulerer dagens vinnere, og takker alle...

les mer
Sjømatdagene 2024

Sjømatdagene 2024

Sjømatdagene 2024 er historie, og Sjømatbedriftene vil takke alle som deltok under årets konferanse. Evalueringen er ferdig og vi er svært glade for alle gode, konstruktive og hyggelige tilbakemeldinger på hva som fungerte bra, og hva som kan gjøres bedre til neste...

les mer

Ta kontakt

Boks 639 Sentrum, 7406 Trondheim
Tlf: +47 73 84 14 00
Besøksadresse:
Dronningens gate 7, 6. etasje
E-post: post@sjomatbedriftene.no
Personvernerklæring

Få nyhetsbrev

Abonner på vårt nyhetsbrev om du vil holde deg oppdatert på vår aktivitet og aktuelle saker for sjømatnæringa.