Kan norsk laksenæring vokse inn i himmelen?
Norsk laksenæring er inne i ei tid med blanda kjensler. På den eine sida opplever vi tidenes høgkonjunktur, med høge marknadsprisar over svært lang tid. På den andre sida lurer raude trafikklys og grunnrente. Kva kan ein vente seg av vekst framover?
Norsk lakseoppdrett har gått frå å vere ei arbeidskrevjande og risikofylt distriktsnæring til å vere noko alle har ei meining om. Mange av meiningane er krasse, men mykje handlar og om næringa si fortreffelegheit; den enorme lønsemda, den fantastiske produktiviteten og den lysande framtida. Det er ikkje rart om ein blir litt riven med iblant.
Næringa har sjølv sagt at vi vil vokse, og til dels har ein kasta fram grafar som seier at både tregongen og femgongen av dagens produksjon er fullt mogleg, nokre tiår inn i framtida. Nokre vil seie det er visjonært, andre vil seie det er nødvendig å ha sopass ambisjonar. Ein kan og tenkje at det er storsnakk, litt blåsaraktig. At næringa er for utolmodig og overambisiøs.
For mellom der ein er i dag og desse futuristiske tala, ligg der ei rekke snubletrådar, og problem som må løysast. Du kan gjerne kalle det utfordringar i staden for problem, men det må løysast like forbanna. Det skortar på arealet, det skortar på verkemiddel mot lusa og det skortar på samfunnet sin satsingsvilje på næringa.
Næringa har snakka om økonomi, for å syne at vi er store og viktige. Næringa har snakka om bærekraft, for det har vi jo forstått at du må nemne mellom kvart måltid. Vi har snakka om ringverknader, for det finst jo. Men mange rundt oss snakkar om noko anna. Der snakkast om at ein ikkje vil avsjå meir areal til lakse- oppdrett i sjø. Der snakkast om at laksen ikkje er so sunn som vi skal ha det til, og at nokre få har blitt rike på sjøen dei har fått låne. Alle snakkar om oppdrett, men mange snakkar forbi kvarandre.
Samstundes kjøper folk rundt om i verda laks, og dei ser ut til å finne seg i dei høge prisane enno. Det har gjort det enklare å gløyme noko vi verkeleg burde bli skremt av, nemleg dei sterkt voksande produk- sjonskostnadane. Og ingenting tilseier at dei skal bli lågare, med nye krav til fôrråvarer, stadig nye spesialfarty og andre store investeringar for å halde seg i drift. Norsk laksenæring kan enno vekse, men det er vanskeleg å basere ei næring på at marginane skal forbli ekstraordinære inn i framtida. Der må nøysemd inn, mindre prat og store grafar, meir hardt arbeid og sut for fisken.
Veksten må kome med vit og forstand, ein må aldri gløyme kven som må stå i sentrum; fisken. Det er fisken som må vokse og bli salsvare, for det er til sjuande og sist han som skal betale for heile gildet. Meir av fisken må leve fram til skikkeleg storleik. Anten ein har lett eller tungt fotavtrykk, snakkar om bærekraft eller helst vil syte og bære seg, så er det fisken ein lyt setje si lit til. Alle som flyttar papir eller pengar, produserer rapportar, leikar med ord, lagar fôr, produserer utstyr eller ordnar med andre ting som skal hjelpe næringa, bør bruke litt tid kvar dag til å tenkje på at fisken må ha det bra, og kor viktige dei er, dei som er på merdkanten og passar på han.
Andre aktuelle saker
Påmelding til Sjømatdagene 2025 er nå åpen!
Bli med på Sjømatdagene 2025 på Scandic Hell i Stjørdal! Vi har gleden av å invitere alle med interesse for sjømatnæringen til årets store begivenhet – Sjømatdagene 2025, som finner sted på Scandic Hell i Stjørdal. Programmet byr på engasjerende foredrag og rikelig...
Sjømatbedriftene: -Ber Sivertsen Ness innføre forsøksordning på sesongtilpasset MTB
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet Sjømatbedriftenes administrerende direktør, Robert H. Eriksson, ber politikerne om å komme på banen og innføre en prøveordning med «sesongtilpasset MTB». Han mener manglende fleksibilitet får negative konsekvenser i form av...
Sjømatbedriftene styrker laget med Adrian Jørgensen
Sjømatbedriftene styrker laget ytterligere og har ansatt Adrian Jørgensen i den nyopprettede stillingens som organisasjonsrådgiver For de aller fleste er Adrian Jørgensen kjent som artist. Han har deltatt i TV-sendte musikkonkurranser som X Factor, The Voice – Norges...
Overleverte forslag om nullutslippsteknologi til Statsråden
Foto: Johan Martin Krûger, Sjømatbedriftene Sjømatbedriftene overleverte onsdag et helhetlig forslag til forskrift og høringsuttalelse om nullutslippsteknologiordning til fiskeri og havminister Marianne Sivertsen Næss. Forslaget gir statsråden mulighet til raskt å...
Ta kontakt
Boks 639 Sentrum, 7406 Trondheim
Tlf: +47 73 84 14 00
Besøksadresse:
Dronningens gate 7, 6. etasje
E-post: post@sjomatbedriftene.no
Personvernerklæring
Få nyhetsbrev
Abonner på vårt nyhetsbrev om du vil holde deg oppdatert på vår aktivitet og aktuelle saker for sjømatnæringa.