fbpx

“Ro Vision” nominert til Ship of the Year

Fiskedisk

I april i år vart det nye flaggskipet «Ro Vision» overlevert til Brønnbåtrederiet Rostein frå Larsnes Mekaniske Verkstad.  Skipet er sagt å vere starten på ei grøn utvikling i brønnbåtbransjen.  «Ro Vision» er designa av Skipskompetanse saman med Rostein og Larsnes Mek, og er det sjette fartøyet basert på ei felles designløysing utvikla for Rostein. Skipskompetanse er medlem av Hub for Ocean.  «Ro Vision» er eit hybrid fartøy som har dieselelektrisk framdrift med to elektriske motorar. 

Det er stor stas for oss å bli nominert og det er ikkje noko som skjer kvart år. Stikkordet for å få til eit slikt produkt er samarbeid, og man må ha eit framoverlent rederi som tør å satse. 
Per Jørgen Silden, dagleg leiar i Skipskompetanse

Messa SMM i Hamburg kor vinnaren eigentleg skulle bli annonsert er utsatt til 2021, og derfor arrangerer Skipsrevyen ei prisutdeling i Bergen den 16. september 2020. Det blir ein formell seremoni som blir sendt live på deira nettsider og tilgjengeleg for alle som ynskjer å følge med. 

Vi ynskjer «Ro Vision» lykke til! 

 

Andre aktuelle saker

Ta kontakt

Boks 639 Sentrum, 7406 Trondheim
Tlf: +47 73 84 14 00
Besøksadresse:
Dronningens gate 7, 6. etasje
E-post: post@sjomatbedriftene.no
Personvernerklæring

Få nyhetsbrev

Abonner på vårt nyhetsbrev om du vil holde deg oppdatert på vår aktivitet og aktuelle saker for sjømatnæringa.